Skip to the content
}

Jon Larsen

Ann Iren Ødeby

Jon Larsen (f. 1959, Noreg) er jazzgitarist, komponist, malar og plateprodusent. I seinare tid har han ikkje minst markert seg som forskar på stjernestøv og mikrometeorittar.

Som musikar spelte Larsen mellom anna i Hot Club de Norvège og han stod bak etableringa av Djangofestivalen i Oslo. I 1982 grunnla han plateselskapet Hot Club Records. Han starta med utstilling av eigne bilete i 1977, og i 2008 blei han heidra med Oslo Bys Kunstnerpris. Bileta hans kan du sjå i boka Maler i solnedgang

I 2009 starta Larsen prosjektet Stardust der han utvikla ein metode for å identifisere mikrometeorittar frå andre partiklar. Han har gitt ut fleire bøker, mellom anna Stjernejeger: en spektakulær fortelling om en jazzmusiker, de eldste partiklene i vårt solsystem og en usannsynlig oppdagelse (2018) og In search of stardust, Micrometeorites and other spherules (2016). Han er gjesteforskar ved Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo.

Del Innhald