Skip to the content
}

Bjørn Tomren

Nina Djærff

Bjørn Tomren (f. 1981, Noreg) imponerte det norske folk som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien Stjernekamp. Med eit unikt utrykk og ei eineståande formidlingsevne, har Tomren på kort tid klart å bli folkeeige, og han blir omtala som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er òg kjent frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for A-ha og laga dokumentarfilmen Kunsten å jodle. I 2019 gav Bjørn ut sitt første album Bad Science Fiction. Tomren driv med alt frå Americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk-protestmusikk. Han har i tillegg gjennomført fleire ekspedisjonar, og kryssa Noreg i kajakk, til fots, på ski og i robåt. Han kan òg sjå tilbake på ein kort karriere som klovn.

Del Innhald