Skip to the content

Dato: 13.02.2021

Tid: 13.00 - 13.45

Stad: Bergen Offentlige Bibliotek

Reis til oldtida med Kokotopia! (avlyst)

Er du klar for eit eventyr med pyramidar, mumiar og livsfarlege labyrintar? Bli med forfattar og kokotopiaekspert Simon Stranger på ei morosam og lærerik reise tilbake i historia. Det blir tøysequiz om oldtida, illustrasjonar på storskjerm, improvisert song, og ei forteljing som barna må vere med på å lage.

Kokotopia av Simon Stranger og illustratør Helena Lindholm er ein lettlest humorserie om verdshistoria. Kvar bok tar for seg ein ny, historisk periode, fylt med spenning, humor, historiekunnskap og myter.

Passar for: 6–12 år

 

 

Del Innhald