Skip to the content

Dato: 14.02.2021

Tid: 15.00 - 15.40

Stad: Bergen Offentlige Bibliotek

Nyskrive tingingsverk med Romskip, søndag

Laurdag og søndag 13.–14. februar blir to eksplosive konsertar med Romskip.

Årets tema for festivalen er generasjonar. Det halsbrekkande bandet Romskip har laga eit tingingsverk om nettopp dette. Kva skil dei ulike generasjonane frå kvarandre? På kva måtar liknar vi, og på kva måtar er vi ulike?

Temaet generasjonar vil òg bli utforska reint musikalsk. Bergen er kjend for mange og ulike musikalske bølgjer. Kva musikalsk genmateriale finst hos Romskip? Kva artistar har vore viktige for dei? Og ikkje minst, kva songar frå barndommen, som foreldra spelte for dei, har sett sine spor? Er det forskjell på dei bosniske barnesongane og dei norske?

Konserten inneheld nyskriven musikk som leiker og er i dialog med tradisjonen den kjem frå.

Passar for alle.

Del Innhald