Skip to the content

Dato: 13.02.2021

Tid: 14.00 - 14.40

Stad: Bergen Offentlige Bibliotek

Kan du finne dyra? Bildesafari med Line Renslebråten (avlyst)

Nokre dyr er verdsmeister i å gøyme seg. Line Renslebråten tar oss med på ein fascinerande bildesafari og fortel korleis dyr gjennom generasjonar har utvikla utrulege metodar for ikkje å bli sett. Møt pinnedyret som klarer å sjå ut akkurat som en kvist, ein blekksprut som kan etterlikne 15 forskjellige dyr, og ein larve som ser ut som en fuglebæsj!

Saman leiter vi i teikningane etter fantastiske dyr, og til slutt gir Line oss et lite teiknekurs med enkle teknikkar for å teikne dyr.

Line Renslebråten er glødande opptatt av dyr og natur og ein engasjert formidlar. Ho har skrive og illustrert ei rekke sakprosabøker for barn. Dyr som gjemmer seg er den sjuande boka hennar.

Passar frå 5 år

 

Del Innhald