Skip to the content

Dato: 11.02.2021

Tid: 19.30 - 20.30

Stad: Youtube

Generasjonssamtale II: Naturlege gleder (digitalt)

Grunna dei nye smittevernreglane i Bergen har vi ikkje moglegheit til å ha publikum i Auditoriet. Dei som har kjøpt billettar vil få dei refundert.

Dette arrangementet kan du sjå gratis på YouTube.

Siste: Dara McAnulty er forhindra frå å delta på arrangementet. Samtalen vil difor vere på norsk mellom Anne Sverdrup-Thygeson og Kari Jegerstedt. Dei vil heilt sikkert reflektere over boka til McAnulty.

16 år gamle Dara McAnulty frå Irland har eitt mål: Å ta vare på naturen han elskar. I 2019 ga han ut Diary of a Young Naturalist som fekk strålande kritikkar og som den unge forfattaren blei tildelt fleire prisar for. McAnulty er autist, og han skildrar korleis naturopplevingar gir sansane hans ro. Professor og forfattar Anne Sverdrup-Thygeson har eit liknande mål: La alle få vite kva naturen gjer og skaper som vi menneske ikkje berre har glede av – men som òg er heilt nødvendig i liva våre. Dette viser ho gjennom sanne, fantastiske historier i boka På naturens skuldre

To generasjonar naturelskarar møtest til samtale om naturen, litteraturen, kva som gir dei glede og kva som motiverer dei. Samtaleleiar er Kari Jegerstedt.

 

Del Innhald