Skip to the content
}

Anne Sverdrup-Thygeson

Anne Sverdrup-Thygeson (f. 1966, Noreg) er professor i bevaringsbiologi. Ho har ei særleg interesse for det lite synlege mangfaldet hos insekt og sopp i gamle og daude tre, og for det intrikate og fascinerande samspelet i naturen, og kva det betyr for oss. 

Boka Insektenes planet vart nominert til Brageprisen i klassa populærvitskap i 2018. Den er omsett til meir enn 20 språk, blei ein Sunday Times-bestseljar og kåra av The Smithsonian som ei av dei ti beste vitskapsbøkene i 2019.

Barneboka Insektenes hemmeligheter fekk òg strålande kritikkar og er omsett til koreansk, kinesisk, fransk og svensk. 

I 2020 er ho aktuell med På naturens skuldre, ei bok som beskriv menneska si samhandling med naturen, og korleis vår kapasitet til å utnytte den samstundes kan undergrave grunnlaget for eksistensen til menneska. Ho er òg aktuell med ny bok for de yngste, bildeboka Dovendyret og sommerfuglen.

Del Innhald