Skip to the content
}

Nazneen Khan-Østrem

Mina Brynildsen Ræge

Nazneen Khan-Østrem (f. 1968, Kenya) er forfattar og forlagsredaktør som bur i Oslo.

Ho blei fødd i Nairobi, og er oppvaksen i Storbritannia og Noreg. Etter fleire år som journalist mellom anna i Aftenposten, og høgskulelektor i journalistikk ved OsloMet, er ho i dag forfattar og forlagsredaktør. Ho har ein mastergrad i internasjonale relasjonar ved London School of Economics.


I 2005 gav ho ut boka Min hellige krig, der ho utforska islam i London, Paris, New York og Berlin i etterkant av angrepa den 11. september. I 2019 skildra Dagbladet sakprosaboka hennar London – blant gangstere, rabbinere, oligarker, rebeller og andre ektefødte barn av det britiske imperiet som «den ultimate boka om Storbritannias hovedstad». 

Del Innhald