Skip to the content

Dato: 13.02.2021

Tid: 15.45 - 16.30

Stad: Auditoriet

Det vanskelegaste namnet i bygda (utsett til hausten)

Grunna dei nye smittevernreglane i Bergen er vi nødt til å avlyse dette arrangementet. Vi vil prøve å arrangere ein eller fleire minifestivalar til hausten. Då vil denne programposten blir sett opp igjen.

Som barn visste ikkje journalist Yohan Shanmugaratnam at ein bibliotekar i bygda han voks opp i, øvde seg på stave etternamnet hans for at Shanmugaratnam ikkje skulle kjenne seg annleis. Seinare fekk han likevel merke rasismen som mange i Noreg meiner ikkje eksisterer.

I memoaren Vi puster fortsatt fortel han om foreldras forbodne kjærleik, om å komme flyttande til norsk snø, om oppvekst og kameratskap. Han skildrar òg fortviling og optimisme etter hendingar som drapet på 15-åringen Benjamin Hermansen i 2001, terroren i Oslo 22. juli og Black Lives Matter-demonstrasjonane. Shanmugaratnam møter forfattar og forlagsredaktør Nazneen Khan-Østrem til samtale. 

Del Innhald