Skip to the content
}

Jayda Marley

Jayda Marley (f. 2001, Canada) er ein nasjonalt hylla skeiv afro-urbefolkningspoet. Ho stammar frå indianarfolket Ojibwe og frå Jamaica, og er ein ung aktivist frå Tkaronto. Ho jobbar med the Community Healing Project, er engasjert i ungdomsarbeid og organiserer «One Mic Educators» og «Develop me youth.» Som slampoet kom Marley på førsteplass i den nasjonale konkurransen «Voices of Today 2018.» Ho er òg grunnleggar og kunstnarleg leiar av ein ny open mik-serie, «For The Queer Coloured Girls After Me.» Ho har nyleg vore med å etablere den ideelle organisasjonen «Not Another Black Life». Enten du opplever Marley på ein open mik rundt om i byen eller på eit større arrangement som Pride Toronto, Nuit Blanche eller Parliament Hill, fengslar ho publikum med orda sine. Når ho ikkje står på scenen, er ho djupt inne i ei bok eller underviser ungdom over heile Turtle Island korleis dei kan bruke røysta si gjennom spoken word/slam og aktivisme.

Del Innhald