Skip to the content
}

Hilde Danielsen

Hilde Danielsen (f. 1971, Noreg) er forskar ved NORCE samfunn i Bergen med ein doktorgrad i kulturvitskap frå Universitetet i Bergen i 2006.

Danielsen har ei gjennomgåande interesse for vilkår for deltaking, fellesskap og endring, sosial ulikskap, mangfald, og prosessar rundt det å inkludere og ekskludere. Ho har gitt ut fleire bøker om kvinner sine liv, blant anna Husmorhistorier, om husmorlivet på 1950-tallet. Danielsen var òg ein av forfattarane av Norsk likestillingshistorie 1814–2013, og redaktør for boka Da det personlige ble politisk om kvinnebevegelsen i Norge på 1970-tallet.

Danielsen har forska på korleis vi lever saman i det mangfaldige Noreg, blant anna bursdagsfeiring, foreldreskap og sosial ulikskap i skular og nabolag, og ho jobbar no med barnefattigdom.

Del Innhald