Skip to the content
Portrett: Janne Møller Hansen

Dato: 14.02.2021

Tid: 12.00 - 12.45

Stad: Youtube

Generasjonen som bana veg (digitalt)

Grunna dei nye smittevernreglane i Bergen har vi ikkje moglegheit til å ha publikum i Auditoriet. Dei som har kjøpt billettar vil få dei refundert.

Dette arrangementet kan du sjå gratis på YouTube.

Med Ut av skyggene gir Shazia Majid eit viktig supplement til norsk kvinnehistorie ved å skildre den første generasjonen av innvandrarkvinner. Mor til Majid kom til Noreg frå Pakistan i 1973, to år etter ektemannen. Med utgangspunkt i moras historie, og med henvisingar til statistikk og forsking, fortel Majid korleis ikkje-vestlege kvinner har hatt det i det nye heimlandet sitt. Ho viser at kampen desse kvinnene kjempa på eigne og døtrene sine vegner, har mange parallellar til den kampen norske kvinner stod i nokre år tidlegare. Ho trekker òg lina heilt tilbake til Camilla Collett og kampen hennar for sjølvstende i 1850.

Ut av skyggene blei nominert til Brageprisen i 2019.  Samfunnsforskar Hilde Danielsen, som mellom anna har skrive boka Husmorhistorier, intervjuar Shazia Majid.

 

Del Innhald