Skip to the content
}

Heir of the Cursed

Beldina Odenyo (f. 1990, Kenya) er ein skotsk vokalist, gitarist, diktar og forfattar som arbeider i feltet mellom musikk og teater. Ved hjelp av ord, musikk og visuell kunst forsøker Odenyo å utforske skilnadane og likskapane i sin kenyanske og skotske arv. Under kallenavnet Heir of the Cursed, byr Odenyo på intrikat gitarspel ispedd drøymande vokal, og beveger seg på grensa mellom jazz, blues og folk. Odenyo har opptrett som headliner ved ulike høve, blant anna under Celtic Connections, Solas Festival, Doune the Rabbit Hole Festival, Tron Theatre og Just Start Here ved Nasjonalteateret i Skottland. Odenyo har arbeidd med eit breitt spekter av teater- og framsyningar, og med institusjonar og kunsthus som til dømes Nasjonalteateret i Skottland, Edinburgh International Book Festival og Glasgow Women’s Library. I 2018 vart ho utnemnd til Starter Artist ved Nasjonalteateret i Skottland.

Del Innhald