Dato: 08.02.2020
Tid: 15.00 - 16.15
Stad: Auditoriet
Pris: 150
Verda på laurdag: Europa, kva no?
I fleire hundreår har dei europeiske samfunna stått i front av verdas økonomiske og kulturelle utvikling. Men det siste tiåret har pilene peika nedover på fleire område: arbeidsløysa aukar, ekstremismen vinn fram, og reaksjonære krefter pregar verdikampen.
Forfattarane Ingrid Brekke, Nazneen Khan-Østrem og Vibeke Knoop-Rachline er aktuelle med bøker om Polen, Storbritannia og Frankrike. Dei møtest til samtale om brexit, migrasjon og terror i Europa under leiing av Kjersti Løken Stavrum.