Skip to the content
}

Vibeke Knoop Rachline

Vibeke Knoop Rachline (f. 1954, Noreg) er ein norsk journalist som har vore busett i Paris dei siste førti åra.

Ho var Dagbladet sin korrespondent i den franske hovudstaden i nesten 25 år. Mellom dei seks sakprosabøkene ho har gitt ut er Les Norvègiens, som opphavleg blei skriven på fransk. I arbeidet sitt har ho ofte vore oppteken av utfordringane jødane i Frankrike har møtt – i 1987 var ho mellom journalistane som dekte rettsaka mot Klaus Barbie, den såkalla «slaktaren frå Lyon».

Den siste boka hennar er Terror i Europas hjerte (2019), som tek føre seg terrorangrepa i Paris i 2015.

Del Innhald