Dato: 06.02.2020
Tid: 21.30 - 22.15
Stad: Auditoriet
Pris: 150
Kluss med kunst og klasse
Kan ein forfattar skrive om kva han vil og kven han vil, på nøyaktig den måten han vil sjølv? Det er spørsmålet Jens M. Johansson utforskar i sin nyaste roman Lavterskeltilbud. Den handlar om førtiseks år gamle Adam Berg, forfattar, som bestemmer seg for å skrive eit meisterverk om arbeidarklassen. Men korleis?
Johansson kjem til LitFestBergen for å snakke om klasse, kunst og representasjon, og kvifor desse spørsmåla er til å le seg fillete av. Intervjuar er Sandra Lillebø.
Samtalen vil vere på norsk.