![](/media/1778/tyskland-etter-merkel-angela-merkel_photo-arno-mikkor-cc.jpg?anchor=center&mode=crop&width=800&height=600&rnd=132182115500000000)
Arno Mikkor
Dato: 08.02.2020
Tid: 17:15 - 17:45
Stad: Alver
Pris: 100
Foredrag, kvar dag: Tyskland etter Merkel
Angela Merkel har regjert i Tyskland sidan 2005, men har no trekt seg som partileiar og stiller ikkje til attval. Samstundes som hennar eige parti er i leiarkrise, er sosialdemokratane på veg mot avgrunnen, og fram stormar både Dei grøne og høgrepopulistane. Korleis ser den tyske partipolitikken ut i dag? Og kor vanskeleg blir det for den som skal ta over etter Merkel?
Ingrid Brekke er forfattar og journalist busett i Berlin. I dette foredraget snakkar ho korleis endringane i Tyskland vil prege Europas framtid.
Foredraget vil vere på norsk.