Dato: 07.02.2020
Tid: 15.45 - 16.15
Stad: Auditoriet
Pris: 100
Foredrag, kvar dag: Menneske og museum
På 1800-talet var det ein etablert praksis i Europa å vise fram ulike såkalla “eksotiske” folkeslag på utstilling. I boka På ville veger? skriv forskar Cathrine Baglo om korleis også dei norske samane var del av dette.
Korleis blei det opplevd for dei involverte? Med utgangspunkt i boka, snakkar Baglo i dette foredraget om eksotisering og normalitet, og om at det finst fleire aspekt ved denne historia enn dei som kan verke mest opplagde.
Foredraget vil vere på norsk.