Dato: 09.02.2020
Tid: 14.00 - 15.00
Stad: Auditoriet
Pris: 150
Fjell og sjø. Poesi frå Shanghai og Bergen
Ikkje ulikt Bergen har Shanghai vore den viktigaste byen i Kina for moderne poesi. Shanghai blir rekna som fødestaden for moderne kinesisk poesi, også kjend som “Ny poesi”. Denne sjangeren eksperimenterer blant anna med bruk av fri verseform og munnleg språk, i motsetnad til tradisjonell poesi som blir skrive på klassisk kinesisk.
To poetar frå Shanghai, Yin Wang og Sanshu Qin, møter bergenspoetane Kristian S. Hæggernes og Fredrik Hagen for å lese dikt med improvisert musikk av cellist Matias Monsen og guzhengist Yuyue Zheng.
I samarbeid med Northing.
Arrangementet vil vere på norsk og kinesisk.