- Dato:
- 08.02.2020
- Tid:
- 14:00 - 15:00
- Stad:
- Alver
Okkupert liv
Penny Johnson, Raja Shehadeh, Kjersti G. Berg
Raja Shehadeh (f. 1951, Palestina) er ein palestinsk forfattar, advokat og politisk aktivist, som av avisa The Observer har blitt kalla “Palestine’s greatest prose writer”.
I 1979 spela han ei viktig rolle for grunnlegginga av den ikkje-statlege organisasjonen Al-Haq, som har motteke ei rekke prisar for arbeidet med å verne menneskerettane i dei okkuperte palestinske landområda.
Bøkene hans har blitt møtt med brei internasjonal anerkjenning: Palestinian Walks (2007) fekk Orwell-prisen for politisk litteratur. Saman med kona Penny Johnson (som også deltek på LitFestBergen 2020) redigerte han Seeking Palestine: New Palestinian Writing on Exile and Home, som fekk hovudprisen i Palestine Book Awards 2013.
I 2019 gav han ut Going Home, ei memoarbok og ein elegi for Ramallah - ein by som har gjennomgått store endringar som resultat av okkupasjonen.