Kaja Schjerven Mollerin
Kaja Schjerven Mollerin (f. 1980, Noreg) er kritikar i Klassekampen, tidlegare redaktør av Vinduet og redaksjonsmedlem i tidsskriftet Agora.
Ho har doktorgrad i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo med ei avhandling om Susan Sontag. Schjerven Mollerin har mellom anna gitt ut bøkene Sammen, hver dag. Om fellesskap i litteraturen (2012), Handke-debatten (2015) saman med Henning Hagerup og seinast Historien om Mor Godhjerta (2019), boka om Jan Erik Volds ikoniske diktsamling Mor Godhjertas glade versjon. Ja.
I 2012 blei ho kåra til Årets kritikar, og same år fekk ho Anders Jahres kulturpris.