Dato: 08.02.2020
Tid: 12.00 - 12.45
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 100
Klassikarforedraget: ”She gather me, the pieces I am”
Kva er sjølvkjensle? Kvar startar og sluttar eit ”eg”? I sine bøker viser den nyleg avdøde nobelprisvinnaren Toni Morrison at ingen blir seg sjølv heilt aleine.
I dette foredraget snakkar forfattar og kritikar Kaja Schjerven Mollerin om kva innsikter Morrisons forfattarskap gir oss om eg-kjensla og fellesskapet.
Foredrag på norsk.