Erlend O. Nødtvedt
Erlend O. Nødtvedt (f. 1984, Noreg) er ein kritikarrost poet, som er kjend for si leikne tilnærming til litterære tradisjonar.
Han debuterte med diktsamlinga Harudes i 2008, og har sidan gitt ut diktsamlingane Bergens beskrivelse (2011), Trollsuiten (2014) og Slekter (2019). For desse har han vunne Ung Poesi-prisen i 2008, Bergensprisen i 2011, Bjørnsonstipendet i 2012, Bokhandlerforeningens forfatterstipend i 2015 og Premio Ostana i 2017.
Hausten 2017 gav Nødtvedt ut sin fyrste roman, Vestlandet. Boka fekk ei strålande mottaking og har mellom anna blitt omtalt som “en praktfull ode til Vestlandet”. Nødtvedt blei kåra til ein av Noregs ti beste forfattarar under 35 år av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015. I 2018 blei han tildelt Olav H.Hauge-stipendet.