Erlend O. Nødtvedt
Erlend O. Nødtvedt (f. 1984, Noreg) er poet og romanforfattar.
Han debuterte med diktsamlinga Harudes i 2008 og gav ut ytterlegare tre diktsamlingar fram til 2019. For desse fekk han ei rekke prisar, og han blei kåra til ein av Noregs ti beste forfattarar under 35 år av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015.
I 2017 gav Nødtvedt ut sin første roman, Vestlandet, og hausten 2021 gav han ut romanen Mordet på Henrik Ibsen, som blei nominert til kritikarprisen og P2-lyttaranes romanpris.
Den siste boka hans er diktsamlinga Olav Nygards seng, som kom ut hausten 2023.