Dato: 17.02.2019
Tid: 14:15 - 15:00
Stad: Auditoriet
Natur og litteratur
Sjangeren nature writing breier om seg. I boka Skogens historie viser forskar og forfattar Reidar Müller kva for plass skogen har i menneska si førestillingsverd, men også kva tyding den har for dyra, særleg for ulven. Medan Müller vandrar i skogen, tar forfattar Andreas Tjernshaugen oss med ut på djupet. I boka Hvaleventyret skriv han om blåkvalen, det største dyret som nokon gong har eksistert.
Er forholdet vårt til naturen i ferd med å endre seg? Og korleis kjem dette til uttrykk i litteraturen? Samtalen blir leia av journalist og forfattar Kjersti Sandvik.
I samarbeid med Prosalong/Norsk faglitterær forfatter og oversetterforening.
Gratis
Samtalen vil vere på norsk.