Dato:
22.10.2021
Tid:
19:15 - 20:15
Stad:
Alver
Pris:
50

Kvardag og mystikk: Ein samtale med Karl Ove Knausgård (opptak på storskjerm)

Dette er eit opptak frå LitFestBergen, februar 2021, og eitt av fleire vi viser i "Alver" på Litteraturhuset i Bergen under Litt Litfest.

Karl Ove Knausgård gav i fjor ut Morgenstjernen, den første store romanen sidan Min kamp-serien. Handlinga er lagt til ein varm seinsommardag nokre år fram i tid. Ei ny stjerne kjem fram på himmelen. Gjennom ni ulike personar frå ulike generasjonar, saman og einsame på ulike stader i Noreg, skildrar forfattaren det magiske og ubegripelege. 

Frå London blir Knausgård intervjua av Claire Armitstead, assosiert kulturredaktør i The Guardian. Med utgangspunkt i Morgenstjernen vil dei dykke ned i Knausgårds litterære univers; det kvardagslege og overnaturlege, det mystiske og enkle, det ubehagelege og vakre. Og kva er det med Bergen som evnar så godt å ramme inn ei apokalyptisk historie?

Samtalen er på engelsk.

 

Deltakarar