Skip to the content
Kargil war memorial i Kashmir

Dato: 07.02.2020

Tid: 13.00 - 14.45

Stad: Auditoriet

Kvar dag er eit unnatak

Kashmir er ein stat splitta i to av India og Pakistan. Sidan 1990 har eit brutalt militæregime traumatisert den i hovudsak muslimske befolkninga som bur på indisk side, og titusenar har blitt drepne, torturerte, valdtekne eller forsvunne. I august 2019 mista Kashmir siste rest av demokrati og fritt styresett, og sidan har all kommunikasjon og ferdsel vore kontrollert av det indiske militæret.

Forfattaren Nitasha Kaul er frå Kashmir, og vil lese frå eigne tekstar og diskutere situasjonen i heimregionen med Salil Tripathi, journalist, forfattar og leiar for PEN International Writers in Prison Committee.

Arrangementet vil vere på engelsk. Halvvegs i programmet blir det ein pause på 15 min.

I samarbeid med Norsk PEN og Raftostiftelsen.

Gratis

Del Innhald