Skip to the content
Illustrasjonsfoto frå Unsplash, Les Anderson

Dato: 07.02.2020

Tid: 16.15 - 17.00

Stad: Alver

Pris: 150

Kjøp Billettar

Kva skjedde med mor?

Utsette barn og skjøre familiar har vore eit gjennomgangstema i forfattarskapen til Tiril Broch Aakre. I haust gav ho ut romanen Mødre og døtre, eit sjølvbiografisk skriftstykke om kva som hende da hennar eiga mor tok livet sitt i 2016.

I denne samtalen med forfattarkollega Selma Lønning Aarø snakkar Aakre om det dobbelte tapet i å ha, og så miste, ei psykisk sjuk mor, og om korleis ein kan snakke om sjølvmord i kvardagen og litteraturen.

Del Innhald