Skip to the content
}

Susanne Christensen

Pernille Marie Walvik

Susanne Christensen (f. 1969, Danmark) er ein dansk-norsk litteraturkritikar og essayist, busett i Berlin. Christensen har i ei årrekke verka som litteraturkritikar i avisene Morgenbladet og Klassekampen, i tillegg til å ha vore medredaktør for tidsskriftet Vagant.

I 2011 gav ho ut essaysamlinga Den ulne avantgarde. Kritiske tekster fra 00-tallet. Same år blei ho kåra til årets litteraturkritikar av Kritikerlaget. I 2015 gav ho ut ei ny essaysamling, En punkbønn. For denne blei ho nominert til Kritikerprisen 2015. Christensen si siste bok er Leonoras reise (2019), om den britisk-meksikanske kunstnaren Leonora Carrington.

Del Innhald