Skip to the content
}

Selma Lønning Aarø

Agnete Brun

Selma Lønning Aarø (f. 1972, Noreg) er romanforfattar, barnebokforfattar og spaltist.

Ho debuterte i 1995 med Den endelige historien, som fekk ei pris for beste debutroman frå Cappelen. Romanen hennar Vill ni åka mera blei nominert til Brageprisen i 2003.

Aarø er også kjend for humoristiske utgjevingar, som Stormfulle høyder, som på uærbødig vis tek føre seg dei mange problema kjærleiken kan by på.

Saman med Nils-Øivind Haagensen har ho redigert tre utgåver av debutantantologien Signaler. Ho har dessutan vore spaltist i både Dagbladet og Klassekampen.

Del Innhald