Skip to the content
}

Niillas Holmberg

Niillas Holmberg (f. 1990, Finland) er ein samisk musikar, forfattar og skodespelar. Gjennom karrieren sin har han vore ein høglydt forkjempar for urfolk, deriblant det samiske, sine rettar.

Han har gitt ut seks diktsamlingar, som har blitt omsette til meir enn ti språk. I 2015 blei han nominert til Nordisk Råds litteraturpris frå det samiske språkområdet, med diktsamlinga amas amas amasmuvvat, som seinare blei omsett til norsk som så den fremmede ikke blir mer fremmed av Rawdna Carita Eira.

Innanfor musikk opererer han både som vokalist, gitarist, komponist og låtskrivar. På tvers av sjangergrensene viser alt arbeidet hans eit sterkt engasjement for miljø og samisk kultur, og er karakteristisk for si sterke vilje til å kjempe mot undertrykking.

Del Innhald