Skip to the content
}

Margunn Vikingstad

Privat

Margunn Vikingstad (f. 1971, Noreg) er litteraturkritikar og omsetjar. Ho har hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo.

Vikingstad var litteraturkritikar i Dag og Tid frå 2001 til 2013, og har sidan 2013 vore knytt til Morgenbladet som litteraturkritikar. Dei seinare åra har ho kombinert kritikar-verksemda med omsetting av skjønnlitteratur. Omsettinga hennar av Gustave Flauberts Madame Bovary blei nominert til Kritikarprisen for beste omsetting, og Bastianprisen 2018.

Den siste utgjevinga hennar er ei omsetting av Joseph Ponthus Linjeskift. Vikingstad arbeider ved Litteraturhuset i Bergen som programrådgjevar. 

Del Innhald