Skip to the content
}

Espen Stueland

Linn Heidi Stokkedal

Espen Stueland (f. 1970, Noreg) er forfattar, kritikar og essayist.

Han debuterte i 1992 med diktsamlinga Sakte dans ut av brennende hus og har sidan gitt ut fleire diktsamlingar, essaysamlingar, gjendiktingar og romanar. I 2004 blei han kåra til ein av Noregs ti beste forfattarar under 35 år av Norsk litteraturfestival og Morgenbladet. Stueland fekk i 2003 Halldis Moren Vesaas-prisen, og blei kåra til Årets litteraturkritiker av Norsk kritikerlag i 2005.

Stueland er kjend for å skrive om vitskaplege tema, som disseksjonen si kulturhistorie, klimakrisa og livet og virket til sosiologen Eilert Sundt, som har resultert i den siste utgjevinga hans, sakpoesi-verket Eilert Sundt-tilstanden.

 

Del Innhald