Skip to the content
}

Ashur Etwebi

Ole Ekker

Ashur Etwebi (f. 1952, Libya) er ein av Libya sine leiande poetar.

Etwebi er forfattar av tolv diktsamlingar som er omsette til ei rekke ulike språk. Han er utdanna lege, og spelte ei viktig rolle for utviklinga av det libyske helsevesenet. Han har vore ein forkjempar i Libya for kvinner sine rettar og eit sekulært demokrati. Etter fallet til Muammar al-Gaddafi organiserte han i 2012 den første internasjonale poesifestivalen i Tripoli, og i 2014 den omreisande Cities and Poems-festivalen i Sahara og Nafusah-fjella.

Etwebi kom til Trondheim som fribyforfattar i 2015. I antologien Å kysse en ørken, å kysse en myr. 13 fribyforfattere (2019) er fleire av Etwebi sine dikt gjendikta til nynorsk.

Del Innhald