Skip to the content
}

Anna Fiske

Anna Fiske (f. 1964, Sverige) er ein forfattar, illustratør og teikneserieskapar busett i Noreg. Ho har gitt ut meir enn 60 bøker i ulike sjangrar.

Bøkene hennar, som har kome ut i ei rekke land, er kjenneteikna av ein leiken og uærbødig stil. Som illustratør har ho også samarbeida med ei rekke forfattarar, mellom dei Geir Gulliksen, som ho i 2016 vart nominert til Nordisk Råds Litteraturpris saman med for Joel og Io

I 2007 blei barneboka hennar Hallo Jorda nominert til Kritikerprisen, i tillegg til å motta Bokkunstprisen i 2014. I 2018 vann Elven, hennar fyrste illustrerte roman for unge lesarar, Brageprisen. Hennar nyaste utgjeving er Hvordan lager man en baby? (2019).

Ho er gift med illustratøren Lars Fiske, og har budd i Noreg sidan 1994. 

Del Innhald