Skip to the content
Fatemeh Ekhtesari - Hun er ikke kvinne

Dato: 11.02.2027

Tid: 11:15 - 12:00

Stad: Olav H. Hauge

Hun er ikke kvinne

Fatemeh Ekhtesari (f. 1986) er ein iransk diktar, forfattar, omsetjar, redaktør og menneskerettsaktivist som bur i Lillehammer. Ekhtesari arbeidde som jordmor i Iran og denne bakgrunnen pregar svært mykje av forfattarskapet. Aktivismen og verka hennar førte både til sensur og trakassering frå iranske styresmakter. I 2015 vart ho dømd til 11,5 års fengsel og 99 piskeslag for blasfemi og brotsverk mot staten. Ho forlét Iran i 2016 og flytta til Noreg der ho vart medlem av ICORN, det internasjonale fribynettverket. Ho har skrive to diktsamlingar på norsk, og jobbar no med eit prosjekt for å dokumentera kjønnsapartheid gjennom personlege forteljingar av iranske og afghanske kvinner. Hun er ikke kvinne (2022) er ei diktsamling om identitet, kjønn, samfunn og moglegheiter. Dikta er skrivne både på persisk og norsk.

Del Innhald