Fatemeh Ekhtesari

Linda Bournane Engelberth

Fatemeh Ekhtesari (f. 1986, Iran) er ein poet, forfattar, omsetjar, redaktør og menneskerettsaktivist som bur på Lillehammer. Ekhtesari utdanna jordmor i Iran og denne bakgrunnen pregar svært mykje av forfattarskapet. Aktivismen og verka hennar førte både til sensur og trakassering frå iranske styresmakter. I 2013 vart ho fengsla og seinare dømd til elleve og eit halvt års fengsel og 99 piskeslag. Ho forlét Iran i 2015, og i 2017 kom ho til Lillehammer som fribyforfattar gjennom ICORN. Ho har skrive to diktsamlingar på norsk. I dag arbeider ho med poesi, omsetjing og litterære samarbeid, i tillegg til eit sakprosaprosjekt om kjønnsapartheid, fortalt gjennom personlege forteljingar av iranske og afghanske kvinner.

Også med på