Gullkroken

Den elevstyrte litteraturprisen
Gullkroken er ikkje ein heilt vanleg litteraturpris.
Prisen blir delt ut årleg av avgangselevane ved Årstad vidaregåande skule. Dei les, vurderer, slaktar, rosar, diskuterer og let seg rive med av fem heilt nye bøker.
Nokre av elevane elskar å lese, mens andre har til gode å bli overbevist av bøker. Juryen består ikkje av bransjefolk, men av ungdommar med vidt forskjellige interessar. Ein Gullkroken-vinnar kan difor skryte på seg å treffe breitt.
Saman om Gullkroken
Gullkroken er eit samarbeid mellom Litteraturhuset i Bergen, LitFestBergen og Årstad vidaregåande skule. Prisen har blitt delt ut årleg sidan 2021. Utdelinga skjer under LitFestBergen i februar. Vinnaren får eit unikt kunstverk som er laga av éin av kunstelevane på skulen.
Gullkroken-bøkene
Er du ein superkjent spansktalande forfattar? Gratulerer og beklager!
Du kan vinne Nobelprisen i litteratur, men sannsynlegvis ikkje Gullkroken.
Berre bøker som er skrivne på norsk kvalifiserer til nominasjon. I tillegg må boka vere utgiven i løpet av året før prisutdelinga. Bøker som er utgivne i løpet av 2025 kan difor vinne prisen som blir delt ut i februar 2026.
Tidlegare vinnarar
2024:
Du lurer ikke meg av Marie Kinge (vinnar)
Pabbi av Mímir Kristjánsson
Divnas bok av Karoline Mirković
Norsk kjærleik av Brynjulf Jung Tjønn
Halvard Borges forbrytelser av Eivind Riise Hauge
2023:
Da vi var yngre av Oliver Lovrenski (vinnar)
Drømmenes sykkelregister av Erlend Loe
Ild tenner vann tunge av Nhu Diep
Slemme jenter av Monica Goksøyr
Post mortem: med begravelsesagenten på åstedet av Tor-Håkon Gabriel Håvardsen
2022:
Å sette sammen bitene av Martin Eia-Revheim (vinner)
Han, Solo av Robin van de Walle
Skinnende døde av Mazdak Shafieian
Stakkar av Matias Faldbakken
Kniven i ilden av Ingeborg Arvola
Forbryter og straff av Kathrine Nedrejord
2021:
Hold meg til jeg sovner av Lara Rashid (vinnar)
Plikt av Marianne Clementine Haaheim
Gut, jente, juni, juli av Frode Grytten
Sangria i parken av Nils Øyvind Haagensen
Ubesvart anrop av Nora Dåsnes
Jeg fant en måne i navlen av Ninni Nyhus
KONTAKT
Har du spørsmål, ei bokanbefaling eller noko på hjartet?
Send e-post til anten David eller Erlend:
David Kvamme Høvik
Litteraturformidlar, Årstad vidaregåande skule
david.kvamme.hovik@vlfk.no
Erlend Liisberg
Programkoordinator
93290761
erlend@litthusbergen.no