Skuleprogram LitFestBergen 2026
LitFestBergen arrangerer eit eige festivalprogram for ungdomsskular og vidaregåande skular. Målet med skuleprogrammet er å auke interessa for litteratur og lesing blant ungdom ved å ta opp emne som engasjerer dei og som betyr noko i kvardagen deira.
Vi har med oss dei tverrfaglege temaa utarbeidd av Utdanningsdirektoratet (folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling) når vi formar programmet. Elevane vil få høve til å intervjue forfattarane på scena på Litteraturhuset. Alle påmelde klasser får bøker!
Kontakt ingrid@litthusbergen.no for leseeksemplar.
Skuleprogrammet 2026 går over tre dagar, frå 4. til 6. februar på Litteraturhuset i Bergen.
Skjema for påmelding finn du nedst på sida. Ein må melde seg på ein dobbeltsesjon med to programpostar. Du blir vidaresendt til ein ny side ved vellykka påmelding.
Vi har eit avgrensa tal plassar på kvar sesjon.
Har du spørsmål om skuleprogrammet? Skriv til ingrid@litthusbergen.no
Se skuleprogrammet for 2026 her.
Timeplan