Skip to the content

Dato: 07.02.2026

Tid: 19:45 - 20:45

Stad: Alver

Pris: 190/90

Kjøp Billettar

SAVE THE WHALE, SCREW THE SHRIMP: Ein samtale med Joy Williams

«Det ei novelle er, er uærlegheit. Den latar som om den er gjennomsiktig og rett fram. Den handlar om vanlege folk, vanlege ting, gjenkjennelege ting. Men alt dette er ein maskerade. Det gode noveller handlar om, er det skrekkelege og uforståelege ved tid, om gamle katastrofers mørke grep», har amerikanske Joy Williams sagt i eit intervju. Amerikanske Williams blir beundra av forfattarar som Don DeLillo, Raymond Carver, Karen Russell, Bret Easton Ellis, James Salter – noko vi nemner for at du som les dette skal forstå kor utruleg det er at Joy Williams faktisk er her. Like overvelda er Gunnhild Øyehaug, som har omsett Joy Williams Nittini historier om Gud, den første boka av Williams som utgis på norsk.

Møt dei til samtale leia av Julia Aagenæs Wiedlocha, om noveller og romanar, menneske og gudar, natur og skriving, nådeløyse og nåde, og dyr.

 

Arrangementet er på engelsk.

Del Innhald