Skip to the content

Dato: 05.02.2026

Tid: 15:45 - 16:15

Stad: Alver

Pris: 90/90

Kjøp Billettar

Kritikarseminaret: Å eksperimentere med sitt hjerte i hånden. Camilla Collett som litteraturkritiker.

Foredrag ved professor i litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo, Tone Selboe.

Programposten er ein del av kritikarseminaret «Den svikefulle litteraturkritikken.»

Arrangementet er ope for alle og på norsk.

«Råd mig foruden svig.» Orda er av Henrik Ibsen og lagt i munnen Peer Gynt, kanskje ein av dei mest lunefulle og svikefulle karakterane i norsk litteraturhistorie. Tema under LitFestBergen 2026 er svik, og det årlege kritikarseminaret i Bergen følgjer opp temaet. Ei av litteraturktitikkens udiskutable dygder er at den skal vere fri, og kanskje også at den skal vere både kompromisslaus og trulaus. Og derfor, i god kritisk ånd: Er eller bør litteraturkritikken også vere svikefull? For er svik udiskutabelt negativt? Og korleis ser den eventuelt svikefulle kritikken ut i eit litteraturkritikkhistorisk perspektiv?

For å skvise endå litt meir ut av ordet «svik» spør vi: Kor og korleis sviktar kritikaren og litteraturkritikken? Kva og kven er det kritikken eventuelt svik? Årets kritikarseminar vil altså i trulaus ånd elte, snu og vende på omgrepet svik i håp om å avdekke blindflekkar i litteraturkritikkens virke og vesen – både ved å sjå til litteraturkritikkhistoria og til vår eiga samtid. 

 

Del Innhald