Er du vår nye kommunikasjonsleiar?
Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) presenterer norsk og internasjonal litteratur av høg kvalitet. Festivalen er kjenneteikna av eit litterært, språkleg, kulturelt og geografisk mangfald, og etter åtte år er vi godt etablert. Vi samarbeider tett med staben på Litteraturhuset i Bergen, der vi har kontor. Vi har eit dedikert styre og nyttar aktivt innspel og idear frå vårt nasjonale og vårt internasjonale kunstnariske råd. Festivalen har eit veksande internasjonalt nettverk, og satsar særskilt på å skape ein møteplass for norsk og internasjonal litteratur. LitFestBergen ønsker å markere seg enda tydelegare både nasjonalt og internasjonalt, og denne stillinga vil spele ei viktig rolle i dette arbeidet.
Vi søker kommunikasjonsleiar i 100% prosjektstilling med moglegheit for fast tilsetting.
Oppgåver
Overordna ansvar for alt kommunikasjonsarbeid, både stort og smått. Vi ønsker nokon som kan arbeide med strategisk posisjonering av festivalen. Du har òg ansvar for nettsida, medieinnsal, produksjon til some og billettsystemet. Kommunikasjonsleiaren skal følgje opp praktikant(ar).
Oppgåver som òg vil ligge til stillinga:
Søknadsarbeid
Oppfølging av enkeltprosjekt, til dømes LitFestUng
Andre oppgåver kan tilfalle stillinga ut frå behova til festivalen og interessene til den aktuelle kandidaten.
Søknadsfrist: 19.04.2026
Tiltredelse: august 2026
Kvalifikasjonar
Nøyaktig og fleksibel
Lang erfaring med kommunikasjonsarbeid
Særs gode språklege evner på norsk og engelsk
God datakunnskap
Høgare utdanning
Stor arbeidskapasitet og fleksibilitet i periodar med ekstra intensive dagar
Erfaring frå festivalarbeid er ein fordel
Vi tilbyr
Fleksibel arbeidstid
Stor grad av sjølvstende
Løn etter avtale og lang sommarferie
Moglegheit for nasjonale og internasjonale reiser
Kreativt og ope arbeidsmiljø på Litteraturhuset i Bergen
Arbeidsstad: Litteraturhuset i Bergen.
Send søknad til: teresa@litfestbergen.no
For spørsmål, kontakt festivalsjef Teresa Grøtan:
Tlf: 92288550
Eller styreleiar Anne Karin Sæther:
sannekarin@gmail.com
Tlf: 90205520
Eller styreleiar Anne Karin Sæther:
Tlf: 90205520