Dato: 07.02.2025
Tid: 18:00 - 18:30
Stad: Alver
Pris: 110/ 90 Student
Vinduet presenterer: Gabriela Wiener om sanning
Det litterære tidsskriftet Vinduet og LitFestBergen har saman invitert fire forfattarar frå fire ulike kontinent (Tishani Doshi, India; Abubakar Adam Ibrahim, Nigeria; Johannes Anyuru, Sverige; Gabriela Wiener, Peru) til å skrive personlege essay om festivaltemaet “Sanning”. I løpet av festivaldagane får publikum høyre tre av forfattarane framføre dei nyskrivne tekstane som føredrag.
Gabriela Wiener er ein anerkjend journalist, crónica- skribent og forfattar av skjønnlitterære verk.
Opplesinga er på spansk med norsk omsetjing.