
Dato: 06.02.2025
Tid: 19:00 - 19:45
Stad: Auditoriet
Pris: 190/ 90 Student
Spøkelse i norsk kolonihistorie
Korleis ser Noreg ut frå perspektivet til skjønnlitterære forfattarar som ber med seg spor av Noregs koloniale historie?
I den kritikarroste romanen Halvt skildrar Marjam Idriss historia til Inge, som reiser til Karibia saman med kollegaer i Equinor. Inges mor kjem sjølv frå øya St. Croix, som ein gong var ein koloni i kongeriket Danmark-Noreg. Møtet med øya vekker minne og historier om kolonialisering og slavedrift. I den brageprisvinnande romanen Sameproblemet utforskar Kathrine Nedrejord kva det vil seie å vere mor, dotter og barnebarn i lys av samisk kultur, språk og identitet. Nedrejord tek i boka eit oppgjer med den norske staten, kyrkja, skulen og Noregs rasistiske arv ovanfor den samiske befolkninga.
Møt dei to forfattarane i ein samtale om å bere med seg ulike kulturar, om norsk kolonihistorie og om slekters gang. Samtalen blir leia av festivalsjef Teresa Grøtan.
Samtalen er på norsk med simultantolking til engelsk.
Simultantolking– slik gjer du det:
- Last ned appen ListenWifi.
- For iOS: https://apps.apple.com/us/app/listenwifi/id1391914337
- For Android: https://play.google.com/store/apps/details?id=com.listentech.ListenEverywhere&hl=en
- Koble deg til nettverket: LitthusLytt
- Passord: littlytt2025
- Opne appen.
- Trykk nedst i høgre hjørne og skann QR-koden som du finn på setet ditt eller på ein plakat i rommet.
Du får utdelt hovudtelefonar ved starten av arrangementet, men du kan òg gjerne ta med eigne.