Skip to the content

Dato: 07.02.2025

Tid: 16:45 - 17:30

Stad: Auditoriet

Pris: 190/ 90 Student

Kjøp Billettar

Som ein annan galakse

Fidel Castros død og Obamas presidentperiode i USA gav mange tru på ei betre framtid på Cuba. Sånn har det ikkje gått. I den cubanske journalisten Abraham Jiménez Enoas bok Å lande i verden (omsett frå spansk) skildrar han korleis det er å bli tvinga i eksil som kritisk journalist på Cuba, og så krasjlande i eit liberalt europeisk forbrukarsamfunn – som å komme frå ein annan galakse, skildrar Jiménez Enoa det å dra frå Cuba. Kva tenkjer han om det Cuba han måtte forlate og om framtida til heimlandet? Møt han i samtale med Roxana Sobrino Triana.

Samtalen er på spansk med simultantolking til norsk.

Simultantolking–  slik gjer du det: 

  1. Last ned appen ListenWifi.
  2. Koble deg til nettverket: LitthusLytt
    • Passord: littlytt2025
  3. Opne appen.
  4. Trykk nedst i høgre hjørne og skann QR-koden som du finn på setet ditt eller på ein plakat i rommet.

Du får utdelt hovudtelefonar ved starten av arrangementet, men du kan òg gjerne ta med eigne.

Del Innhald