Skip to the content

Dato: 05.02.2025

Tid: 21:00 - 23:30

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 290/90 (student)

Kjøp Billettar

Soaré: Triggersystemet – lesedrama av Tore Vagn Lid (UTSELD)

På festivalen i fjor fekk publikum møte Tore Vagn Lids lesedrama Triggersystemet. I år blir det urpremiere på andre del av dette eventyrlege universet.

Som ein soaré – eit kveldsparty – inviterer vi til det Lid kallar ei samhøyring. Lid har med seg eit toppa lag av skodespelarar og musikarar  når Triggersystemet opnast opp, ikkje berre som tekst, men også som musikkdramatisk verk. I Triggersystemet møter vi Avsendaren, eller «Kaptein Noah». Saman med levande insekt og dei løyndomsfulle brevduene sine har den aldrande, utryddingstruga forskaren trekt seg tilbake til ei eventyrleg fabelverd, for herfrå, om mogleg, å kunne berge seg sjølv og dyra frå samtidas syndeflod av jamnt nye krigar og kriser. Som observatør og kaptein både undersøker og leier Kapteinen sine utvalde insekt gjennom eit sinnrikt utrusta insektakvarium – eit såkalla vivarium. På eit hav av drukna menneske og forkasta moral blir pinnedyr, sniglar, skrukketroll og saksedyr til både med- og motspelarar i eit filosofisk sørgespel mellom menneske i naturen og naturen i mennesket.

Dei medverkande er Bjørn Sundquist, Thea Stabell, Even Stormoen, Håkon Ramstad, Tor Christian Bleikli

Orkester:

Per Jørgensen, trompet/sang

Snorre Bjerck, Perkusjon

Hans Knut Sveen, Cembalo

Morten Skage, Bass

Tore Vagn Lid, Gitar

Solister:

Eira Sjåstad Huse, Bodil Rørtveit, Ørjan Hartveit

Kor:

Kvinnelige Studenters Sangforening ved dirigent Regine Forthun

Kamera/bok:

Øystein Nesheim: Kamera

Teknikk: 

Jonas Skarmark, lyd / opptak

Henrik Skauge, video/AV 

Øyvind Valderhaug, lysavvikling

 

Triggersystemet av Tore Vagn Lid

Produsert av Transiteatret-Bergen i samarbeid med Bergen Internasjonale Litteraturfestival. Støttet av Norsk Kulturråd og Bergen Kommune.

Forestillinga er på norsk.

Del Innhald