Skip to the content
}

Transiteatret-Bergen

Johnny Vaet Nordskog

Transiteatret-Bergen er eit scenekunstkompani som består av kunstnarar og tilknytte fagfolk som, basert på tekstar, komposisjonar og konsept av Tore Vagn Lid, arbeider med utviklinga av eit samtidskritisk og eksperimentelt teater. Ei uttalt målsetjing er å utvide teateret som ein kritisk og refleksiv opplevingsarena, i skjæringspunktet mellom scene og musikk, og mellom kunstbasert forsking og forskingsbasert kunst. Sidan oppstarten har kompaniet presentert produksjonane sine lokalt, nasjonalt og internasjonalt, ofte med fleire parallelle framsyningar på repertoaret. For dette har ensemblet motteke ei rekkje prisar og heidersteikn og har vore gjenstand for offentlege debattar, symposier og forskingsprosjekt. I 2008 blei Transiteatret presentert på Salzburg-festivalen. Teateret samarbeider med institusjonar som Den Nationale Scene, BIT Teatergarasjen, Black Box Teater, Dramatikkens hus, Det Norske Teatret og Festspillene i Bergen. Transiteatret-Bergen finansierer verksemda si med støtte frå blant andre Bergen kommune og Kulturrådet.

Del Innhald