Dato: 08.02.2025
Tid: 13:15 - 14:00
Stad: Alver
Pris: 190/90 (student)
Kommunisme, katolisisme, kapitalisme – og levande lik
Som eit ulmande bakteppe til forteljingane i boka Dyrking av sydlige vekster etter Mitsjurins metode (omsett frå polsk av Agnes Banach) ligg kommunismens fall, nittitallets ekspresskapitalisme, dysfunksjonelle familiedynamikkar og vaklande tradisjonar. Polske Weronika Murek brakdebuterte med denne boka i 2015, og blir rekna som ein av dei mest interessante unge polske forfattarane i dag. Forteljingane i boka beveger seg på grensa mellom liv og død, draum og vaken tilstand, det rasjonelle og det irrasjonelle.
“Gud er overalt, men det er også staten” skriv omsetjar Agnes Banach i etterordet i boka. Banach møter Murek til samtale om dei levande, dei daude og kven denne Mitsjurin er.
Samtalen er på engelsk.