
Dato: 06.02.2025
Tid: 20:15 - 21:00
Stad: Auditoriet
Pris: 190/90 (student)
Johan Harstad: Under brosteinen, stranden!
Spennet i Johan Harstads roman frå i fjor Under brosteinen, stranden! (tittelen viser til studentopprøret i Paris i 1968) er stort. Her finn ein spinnville spekulasjonar, djupt empatiske relasjonelle skildringar, lange passasjer om musikk og filmar (både fiktive og faktiske) og ei klassisk oppveksthistorie frå Forus utanfor Stavanger på 1980- og 1990-talet. I tillegg til alt dette har forfattaren skrive inn sekvensar om uortodoks spionverksemd, økoterrorisme, kjernevåpen og kjernekraft – samt spørsmål om entropi, altså bevegelse mot kaos, og korleis tida kan vere eit våpen. Og ja, slik har ein truleg det ultimate beviset på Harstad som er ein kompromisslaus, eigenrådig forfattar med eit nærast grenselaust repertoar.
Møt Harstad i samtale med kritikar og stipendiat i litteraturvitskap ved UiB Johannes Grytnes om tida som går, om uuthaldeleg keisemd – og om (mursteins)romanens (framleis) uendelege moglegheiter.
Samtalen er på norsk med simultantolking til engelsk.
Simultantolking– slik gjer du det:
- Last ned appen ListenWifi.
- For iOS: https://apps.apple.com/us/app/listenwifi/id1391914337
- For Android: https://play.google.com/store/apps/details?id=com.listentech.ListenEverywhere&hl=en
- Koble deg til nettverket: LitthusLytt
- Passord: littlytt2025
- Opne appen.
- Trykk nedst i høgre hjørne og skann QR-koden som du finn på setet ditt eller på ein plakat i rommet.
Du får utdelt hovudtelefonar ved starten av arrangementet, men du kan òg gjerne ta med eigne.