Skip to the content
}

Skuleprogram LitFestBergen 2025

LitFestBergen arrangerer eit eige festivalprogram for ungdomsskular og vidaregåande skular. Målet med skuleprogrammet er å auke interessa for litteratur og lesing blant ungdom ved å ta opp emne som engasjerer dei og som betyr noko i kvardagen deira.

Vi har med oss dei tverrfaglege temaa utarbeidd av Utdanningsdirektoratet (folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling) når vi formar programmet. Elevane vil få høve til å intervjue forfattarane på scena på Litteraturhuset. Kontakt erlend@litfestbergen.no for leseeksemplar.

Skuleprogrammet 2025 går over tre dagar, frå 5. til 7. februar på Litteraturhuset i Bergen.

Skjema for påmelding finn du nedst på sida. Ein må melde seg på ein dobbeltsesjon med to programpostar. Du blir vidaresendt til ein ny side ved vellykka påmelding.

Vi har eit avgrensa tal plassar på kvar sesjon.

Har du spørsmål om skuleprogrammet? Skriv til erlend@litfestbergen.no.




Sesjon 1: Norsk PEN og Eivind Riise Hauge - Onsdag 5. februar 09:00-10:45 (NB: Passar best for vidaregåande skule)

Norsk PEN

Ungdom i dag har tilgang til fleire plattformer for å uttrykke seg. Men kor enkelt er det eigentleg å ytre seg i dagens ytringsklima? Og i kva grad tar vi som samfunn ansvar for å styrke ungdommens røyster og ruste dei overfor motstemmer og kommentarfelt? Norsk PEN inviterer vidaregåande elevar til eit spennande dialogmøte kor dei ønskjer å utforske desse spørsmåla saman. Målet er å skape ein meir inkluderande og tryggare ytringsarena for unge.

Halvard Borges forbrytelser

I Eivind Riise Hauge sin nye roman møter vi den valdelege fengselsfuglen Halvard «Rorgen» Borge på sjukehuset. I korridoren utanfor står ein idealistisk litteraturforskar som er overtydd om at han er førehandsdømd. Kva rettsvern har dei eigentleg, serieforbrytarane og gjengangarane? Romanen stiller spørsmål om skuld, klasse – og rettstryggleiken til dei som ikkje har ordet i si makt.

Sesjon 2: Kristina Quintano og Hauk Are Fjeld - Onsdag 5. februar 11:15-13:00

En klimabok du orker å lese

Hauk Are Fjeld er «klimapilot» i Oslo kommune og ein av forfattarane bak Ei klimabok du orker å lese, ei lettlesen bok som svarar på dei viktigaste spørsmåla om klima. Boka oppsummerer klimautfordringa, tar for seg dei viktigaste klimamytane og gir tips til korleis både du og samfunnet kan kutte utsleppa.

Flukt

For menneske på flukt står livet på spel. Svært mange flyktningar er barn og unge som må dra aleine langs lange og farlege fluktruter. I boka Flukt fortel Kristina Quintano historiene til elleve ungdommar frå dei tre landa som flest menneske flyktar frå; Syria, Ukraina og Afghanistan.

Sesjon 3: Dana Vowinckel og Kathrine Nedrejord - Torsdag 6. februar kl. 09:00-10:45

En verden i flyt

Debutromanen til Tysk-amerikanske Dana Vowinckel handlar om femten år gamle Margarita. Sjølv om ho eigentleg har lyst til å vere heime i Berlin i sommarferien, blir det bestemt at Margarita skal reise til Israel og besøke mora, som forlét familien då Margarita var barn. En verden i flyt er ein roman om store og små løgner, kjærleik og smerte, og jødisk identitet på tvers av generasjonar og kontinent. Forfattarsamtalen går føre seg på engelsk.

Sameproblemet

Marie Engmo bur i Frankrike, langt frå røtene sine. Men då mormora hennar døyr, reiser ho heim til Finnmark for å delta i gravferda, og på heimvegen bestemmer ho seg for å skrive historia hennar. Det blir ei forteljing om kvinnene i familien, om korleis undertrykking har prega livet til fire generasjonar kvinner. Kathrine Nedrejord si nye bok er ei undersøking av kva det vil seie å vere samisk, kvinne, mor, dotter og barnebarn – ein sterk roman om samisk kultur, språk og identitet. Samstundes er han eit oppgjer med den norske staten, kyrkja og skulen.

Sesjon 4 og 5: Mímir Kristjánsson og Brynjulf Jung Tjønn - Fredag 7. februar kl 09:00-10:45 og 11:15-13:00

Pabbi. En familiesaga om drukkenskap

Mímir Kristjánsson hugsar ikkje kor gammal han var då han skjønte at han kom til å få problem med alkohol, men det var lenge før han faktisk smakte alkohol. Dette er historia om ein pappa som drakk for mykje og ein slekt som har vore fulle sidan Egil Skallagrimssons tid. Med varme, humor, men også ein god dose alvor skriv Mímir om å ha alkoholismen i blodet og om frykta for sin eigen lagnad.

Norsk kjærleik

På same tid som Brynjulf Jung Tjønn gav ut den forrige boka si Kvit, norsk mann, dukka det opp avsløringar om problematiske sider ved adopsjonsindustrien. Desse avsløringane rokkar ved sjølvbildet og identiteten for mange adopterte, også for Jung Tjønn. Sjølv om ein er fødd i eit anna land og med mørk hudfarge, vil ein likevel berre høyre til. I Norsk kjærleik held forfattaren fram med å utforske kva det vil seie å vere norsk.

Timeplan

Del Innhald